• Rein energi.
  • Som sendt frå himmelen.
  • I eit evigvarande krinslaup.
  • Det er eit enormt potensial
    i dei edle dråpane.
  • Hjå oss vert dei helsa
    velkomen og tekne vel imot.
  • Til evig tid.
  • Årsmelding 2014

Dette er SKL

Potensialet har det aldri vore noko i vegen med. Vatn har me meir enn nok av. Vilje óg. Og kunnskap og kompetanse til å bruke det på ein klok måte.

Vatn forsvinn ikkje. Det fyllar berre på. Meir og meir. For me lever i ei verd som vert varmare, våtare og villare.

Det regnar potensial for energi. Rein energi. Og om me ikkje visste korleis me skulle bruka vatnet, hadde det runne ubrukt i havet. Men me veit. Me kan.

SKL satsar på vatnet. Samlar på det. Fordi det er ein utømeleg og evig fornybar ressurs. Inga forureining. Ingen utslepp. Ingenting er hemmeleg. Berre rein energi. Vatnet fornyar seg sjølv og har difor eit evigvarande perspektiv.

Me er SKL. SKL er rein energi. Evigvarande. Trygt. Til å lita på.

Vi skal nytta potensiale som ligg i kompetanse og verdiar i selskapet og utvikla desse vidare til beste for eigarane og dei tilsette.

Magne Heimvik - Konsernsjef

Potensiale

Vi har igjen lagt eit driftsår bak oss med stor aktivitet. Vi er midt inne i ein periode med store reinvesteringar på nett og førebur oss til nye spanande prosjekt på vasskraftsida. Utbygginga av breiband går svært godt og potensialet i denne infrastrukturen har vi nok berre sett starten på. Når vi summerer opp rekneskapen ved årsslutt kan vi presentera eit resultat vi må seia oss rimeleg nøgde med. Med andre ord – det har igjen vore eit år med godt utført arbeid i alle delar av organisasjonen.

Det ligg eit stort potensiale i den evigvarande vasskrafta, noko vi ynskjer å nytta fullt ut. Vi veit alle kva vasskrafta har betydd for velferdsutviklinga vår og verdiskaping for selskap og eigarar. Hovudoppgåva vår er å sikra og utvikla desse verdiane vidare. Vi står føre store endringar i energimarknaden med meir komplekse energisystem. Det betyr at vi vil møta nye produkt og marknadar enn dei vi kjenner i dag. Utfordringa vår blir å posisjonera oss slik at vi kan møta denne framtida. Dei siste tiåra har klimaendringar vore ein drivar for auka fornybar energiproduksjon.

Tilgang til regulert kraft er det største fortrinnet vårt. Dette må vi utvikla vidare og i tillegg sikra oss at vi har nødvendig nett for å få denne vara fram til marknaden. Vårt svar er Blåfalli Fjellhaugen som ligg til konsesjonshandsaming. Dette er eit prosjekt som med ein installasjon på 150 MW gjev oss meir regulerbar kraft.

Det er alltid utfordrande å posisjonera konsernet for framtida i ei tid med skiftande og krevjande rammevilkår. Det første vi kan ta tak i er det vi kan gjera noko med sjølve. I SKL har vi hatt fokus på dette gjennom SKL 2018. Her har vi sett oss ambisiøse mål om auka inntekter og meir effektive og rasjonelle driftsformer. Vi er komne eit godt stykke på veg i året om ligg bak oss, men vi har framleis ein veg å gå. Med den innsatsen som er lagt til grunn har eg stor tru på at vi skal lukkast.

I arbeidet med å sikra og utvikla verdiane for SKL er dei tilsette den viktigaste ressursen. Vi må ta vare på dei tilsette, gje dei utfordrande og interessante oppgåver og tryggleik i kvardagen. Kompetente og dyktige medarbeidarar er og vil bli det viktigaste konkurransefortrinnet for å nå dei måla vi har sett oss.

SKL har over tid sett det som nødvendig å utvikla seg saman med andre for å møta dei utfordringane vi står føre. Dette ser vi no klarare enn nokon gong. Våre mål og strategiar saman med endringar i rammevilkåra drar oss i retning av nye og meir robuste strukturar. Det er viktig å få på plass ei strategisk og strukturell avklaring om hovudaktivitetane produksjon og nett. Eg vonar dette ligg nær i tid.

Slike prosessar vil alltid vera krevjande og kan ta fokus vekk frå dei daglege oppgåvene. Då er det viktig å hugsa på at oppgåve nummer ein er å sikra god og stabil drift på dei anlegga vi har. Det er det som gjev oss grunnlag for vidare utvikling av selskapet. Eit anna tema som er svært aktuelt i desse tider, som også SKL har fått erfart, er ekstremver med mykje vind og nedbør. I oktober registrerte vi dei største tilsiga nokon gong med overhengande fare for fleire av anlegga våre. Seinare i vinter opplevde vi ekstreme vindforhold. Dette er situasjonar vi må vera budde på vil gjenta seg stadig hyppigare i åra framover.

Slike forhold er krevjande for mannskapa våre. Det krev gode planverk og førebuingar for å handtere ekstraordinære hendingar. Her har vi fått godt «betalt» for øvingane vi har gjennomført.

Når vi no går inn i 2015, er det med det klare målet for auga at vi skal møta framtida med ei offensiv haldning. Vi skal nytta potensiale som ligg i kompetanse og verdiar i selskapet og utvikla desse vidare til beste for eigarane og dei tilsette.

Straumen går!

Det var ein gong då ‘Nina’ kom så sløkte ljoset. Stoppar straumen i dag, går eit heilt samfunn i svart. Det er andre tider. Heile tida. Og me i SKL lagar det eit moderne samfunn kanskje er aller mest sårbare for at forsvinn: Straum. Kraft. Ljos og varme.

Difor er beredskap og leveringstryggleik høgt prioritert i arbeidet vårt med å sikra trygge og stabile leveransar av kraft og straum. Me arbeider for å førebyggja moglege hendingar. Kvar dag. Me ynskjer å førebyggja brot i leveransane. Men, ‘Nina’ var sint, skada skog og tok straumen.

Det er sterke krefter å kjempa imot. Det blir varmare, våtare og villare som fylgje av den globale oppvarminga.

Det er ganske vilt, og det aukar risikoen for skade på nett og anlegg. Torevêr og lynnedslag vil koma hyppigare og sterkare i framtida.

Me gjer alt me kan for å verna nett og anlegg. Me ryddar i vegetasjon, me flyttar luftspenn til bakken. Byggjer alternative vegar for straumen, og gjer alt me kan av samfunnsøkonomisk utbygging og førebyggjande vedlikehald.

Beredskapen har heile tida eitt mål for auga: Alle skal veta at me gjer det me kan for å sikra ljos i pæra. Me er eit påliteleg kraftselskap folk kan stola på! Om straumen går, skal me ta han att og leda han tilbake. Det er jo berre vatn. Velsigna vatn. Me skal visa korleis det kan temjast og bli brukt. Hos oss! Og hos deg. Bli ljos, som han sa. Me tek det på ramme alvor!

Tilsette og kompetanse

Folk og kunnskap

Omstilling er ei kvardagsøving. Noko me må vera budd på og klar til heile tida. For ny teknologi, nye eigarstrukturar, nye menneske, nytt klima og ei ny framtid, er påminningar me treng for å vera på tå hev. Alltid. Kvar dag. Det veit me i SKL. Det er slik me lever. Det er slik me tenkjer i det me gjer. Men ein ting står fast: Me skal produsera rein, fornybar og klimavennleg energi.

Rette folk på rett jobb

Det er mange dyktige medarbeidarar i SKL. Nokon har vore med lenge. Andre har nett kome til. Det er samspelet mellom erfaringa og dei nyfikne som gjer at me lukkast. Rekruttering er viktig for omstilling, fornying og kunnskap. Me ynskjer å tiltrekkje oss dei beste. Det me kan, kan me godt, og det me gjer, gjer me på den beste måten. Og likevel er me på evig jakt etter dei som kan gjera det endå betre. Å rekruttere er både å vedlikehalda og å utvikla. Å ta vare på dei som allereie er her er som å forvalta gull.

  • 1976
  • GWh produsert
  •  
  • 85%
  • i heileigde kraftverk

SKL Produksjon AS

Kraftproduksjon og kraftomsetning

Vasskraftproduksjon

SKL er ein mellomstor vasskraftprodusent i norsk samanheng. Hovudtyngda av produksjonen skjer i Blådalsvassdraget, i Kvinnherad kommune. Dette er eit nedbørsrikt område, og nær halve tilsiget kjem frå Folgefonna. Det er ein god og utjamnande faktor for vasskraftproduksjonen. Dei andre vasskraftanlegga er i Eikelandsosen (Fusa kommune) samt Børtveit og Lundsseter (Stord kommune). Selskapet utøver også retten til 8,75 % av driftsklar maskinkapasitet i Sima Kraftverk (Eidfjord kommune), etter avtale med Hordaland fylkeskommune. Alle kraftverka har konsesjon utan heimfall.

Kraftproduksjonen var i 2014 1976 GWh. Dette er 281 GWh høgare enn «midlare» produksjon, som er rekna til 1695 GWh, medrekna konsesjonskraft. Om lag 85% av produksjonen skjer i heileigde kraftverk, medan resten kjem frå Sima kraftverk. Selskapet har i 2014 konsesjonsøkt eit nytt prosjekt i Blådalsvassdraget, som vil gje om lag 70 GWh ny produksjon.

Organisering

Selskapet si hovudoppgåve er å syte for at produksjonsanlegga er tilgjengelege og operative når marknaden krev det. I tillegg er selskapet ansvarleg for produksjonsplanlegging, kraftomsetning og har eit overordna ansvar for tilgang på og utvikling av kraftressursar.

Halvparten av dei tilsette har sine arbeidsoppgåver i Matre, medan den andre halvparten er lokalisert til hovudkontoret på Stord.

Driftsentalen er organisert under SKL Produksjon. Sentralen er døgnbemanna og lokalisert til Stord. Driftsentralen planlegg produksjon og overvakar produksjonsanlegga.

Vasskraft er som champagne, ei så god og edel vare sølar du ikkje vekk!

SKL Nett AS

Straumforsyning

Straumnett

SKL Nett eig og driv eit omfattande sentral- og regionalnett i Sunnhordland og Nord-Rogaland, i hovudsak på 66 kV og 300 kV spenningsnivå, samt distribusjonsnettet i Stord kommune. Kraftnett er underlagt monopolkontroll, og er rekneskapsmessig delt i sentral-, regional- og distribusjonsnett. SKL eig og driv sentralnett med 300 kV kraftleidningar og 300 / 66 kV transformatorstasjonar. Anlegga er utleigde til Statnett SF.

Selskapet eig eit omfattande regionalnett i Sunnhordland og Nord-Rogaland, og er kopla opp mot sentralnettet i Blåfalli, Husnes, Stord, Spanne og Håvik. I regionalnettet har selskapet samankopling i sør, mot Haugaland Kraft.

Samla levering i regionalnettet var 2310 GWh, eksklusive nettap, noko som er ein reduksjon på 5,4 % i høve til 2013. Nettapet utgjorde 33,3 GWh, tilsvarande 1,4 % av levert energi. Høgaste maksimallast i regionalnettet vart registrert 13. januar. Då vart det transportert 477 MW i nettet.

I distribusjonsnettet, i Stord kommune, vart det levert 228 GWh fordelt på 9025 kundar. Nettapet utgjorde 11,7 GWh, tilsvarande 5,1 % av levert energi.

Drift, vedlikehald og nyanlegg

I tillegg til ordinær drift og vedlikehald i sentral-og regionalnett har det vore ekstra fokus på følgjande prosjekt:

  • Oppgradering av vern- og kontrollanlegg i Stord Transformatorstasjon
  • Planlegging for reinvestering av 66 kV linjene Stord-Langeland-Otterå
  • Planlegging for oppgradering av sentral- og regionalnett på Haugalandet, i samarbeid med Haugaland Kraft og Statnet

I distribusjonsnettet har det vore ekstra fokus på følgjande prosjekt

  • Innføring av AMS i samarbeid med Vestlandsalliansen og Haugaland Kraft
  • Stor byggjeaktivitet i Stord kommune har mellom anna ført til oppgradering av nettet på Vikanes,Tysemarka og Kåreviksmark
  • Ombyggjing av mastetrafoar til kioskar på bakke

Fleire av prosjekta er fellesprosjekt med Stord Kommune, Vegvesenet og utbygging av fiberbasert breiband.

Kraftsystemutgreiing

SKL er planansvarleg for regionalnettet i Sunnhordland og Nord-Rogaland. Kraftsystemutgreiinga vert revidert annan kvart år, og er tilgjengeleg på SKL si heimeside.

Framtidsutsikter

Viktige oppgåver er å optimalisera drift og vedlikehald, oppnå god avkastning samstundes som leveringstryggleiken vert ivareteken. Det vert gjennomført tiltak som fører til selskapsmessig og regional utvikling. Vurdering av IT-strategi og bruk av IT-verkty vil effektivisera drifta. Som følgje av stor auke i maksimalt effektuttak siste åra og utviklinga i regionen elles har me fokus på utbygging og utvikling av nettet. SKL vil vera ein attraktiv samarbeidspartnar i samband med utbyggjing av kraftproduksjon i regionen.

NettnivåLuftleidningKabelSjøkabelTransformatorkap.
Sentralnett 300 kV80 km17 km2 km550 MVA
Regionalnett 300 kV12 km
Regionalnett 66 kV294 km40 km674 MVA
Regionalnett 22 kV2 km1 km30 MVA
Distribusjonsnett Høgspent45 km154 km135 MVA
Distribusjonsnett Lågspent162 km365 km

SKL Marked AS

Breiband og naturgass

Breiband

Utbyggjing av breiband går godt og potensialet i denne infrastrukturen har me berre sett starten på. TV, internett og telefon er tenester som vert vanlegare å få på fiber. Forsking visar at fiber er den einaste teknologien med kapasitet til å handtera bruk av internett i framtida.

Utbyggjing av infrastruktur er kostnadskrevjande, det er difor avgjerande at det er samsvar mellom kvalitet, pris og innhald. Altibox, der SKL er partnar, har frå starten i 2002 utmerka seg ved å vera i forkant av utviklinga og har teknologi som møter kundane
sine behov.

Drift av infrastruktur og fiberbaserte tenester er produkt som krev volum. SKL har difor tett samarbeid med andre energiverk i regionen og særleg mot Haugaland Kraft.

I Stord kommune er det 4300 bustadar som har fiberbasert breiband frå SKL. Målet fram mot 2020 er at me aukar dette til 7000 bustadar.

Til tross for store investeringar i infrastruktur, går drifta av SKL breiband svært godt. Dette skuldast gode løysingar på byggjing av infrastruktur, teknologi og gode samarbeidsavtalar.

Naturgass

SKL har eit ferdig utbygd røyrnett for transport av naturgass frå tankanlegget på Eldøyane og fram til kundane. Stadig fleire kundar og verksemder ser gevinst i bruk av naturgass.

SKL naturgass har lagt til rette for eit miljøvennleg alternativ til oppvarming og drivstoff til transportsektoren. Det er industri og næring som har dei store fordelane med overgang frå olje til naturgass. Reduksjon av utslepp på 30-50% på CO2 og NOx er viktige miljøgevinstar.

Bruk av naturgass innan skipstrafikken er aukande. SKL sitt LNG anlegg på Eldøyane kan i framtida bli eit viktig strategisk punkt i denne satsinga.

Temperaturen førre år var noko høgare enn normalen, og forbruket av naturgass til oppvarming vart difor lågare enn venta. Me nådde ikkje same høge forbruket som i 2013, men likevel vart det eit økonomisk betre resultat.

Kunde

Kundedivisjonen har som hovudaktivitet å ivareta konsernet sine kunderetta oppgåver, samt drift av sentralbord og kundesenter. Undersøkingar viser at kundar er opptekne av kvalitet, pris på produkt og service - i den rekkefylgja.

Me strekkjer oss langt for å gje kundane gode tenester og informasjon.

SKL Marked handterer oppgåver innan ulike fagområde. Dette krev at selskapet har god og brei kompetanse, som også andre energiselskap i regionen har nytte av.

Ein komplett ladestasjon, ein hurtigladar som er tilrettelagt for alle typar el-bilar er etablert. SKL står for hovudinvesteringa, men Enova og Hordaland fylkeskommune har vore viktige støttespelarar.

  • 4300
  • Breidbandkunder
  •  
  • 60%
  • Marknadsdel
  •  
  • 7000
  • Potensielle kunder
  • 116
  • Tilsette
  • 99.6%
  • Oppetid på kraftanlegga
  • Hovudtal 2014 i mill. kr
  • 845
  • Omsetning
  • 299
  • Driftsresultat
  • 124
  • Årsoverskot
  • (etter skatt)
  • 93
  • Utbyte
  • 3151
  • Totalkapital
  • 1290
  • Eigenkapital
  • 116
  • Tilsette
  • (pr 31.12)
  • 33,6%
  • Likviditetsgrad 1
  • (omløpsmidler av kortsiktig gjeld)
  • 40,9%
  • Soliditet
  • (eigenkapital av totalkapital)
  • 9,8%
  • Totalrentabilitet
  • (før rentekostnader av totalkapital)
  • 20,9%
  • Eigenkapitalrentabilitet
  • (før skatt av gj.sn. eigenkapital)

  • Høgdepunkt
  • 2014

  • MAR

Produksjon

  • Nytt kontrollanlegg Staffi kraftstasjon
     

Nett

  • Strømforsyning til større bustadfelt i Tysemarka

Marked

  • 4000 fiberkundar
     

  • APR

Produksjon

Nett

Marked

  • Utleige av personell til Sysco for oppbygging av økonomi- og kundesystem

  • MAI

Produksjon

Nett

  • Forsyning til batteriferja på Jektevik

Marked

  • JUN

Produksjon

Nett

  • Auka forsyningsikkerheit – ferdigstilling 66 kV linje Midtfjellet–Årskog

Marked

  • JUL

Produksjon

  • Kjøp av Nydalselva Kraft AS i Jølster

Nett

Marked

  • AUG

Produksjon

Nett

  • Idriftsetting og fokus på mastetrafoar ned på bakken

Marked

  • Felles faktura for straum og breiband til kundar i Stord kommune

  • SEP

Produksjon

Nett

Marked

  • Komplett ladestasjon for el-bilar på Heiane

  • OKT

Produksjon

  • Storflom i Blådalsvassdraget

Nett

Marked

  • NOV

Produksjon

Nett

  • Nytt kontrollanlegg 300 kV Stord Transformatorstasjon – første del gjennomført

Marked

  • DES

Produksjon

  • Konsesjonssøknad sendt for Fjellhaugen Kraftverk

Nett

Marked

Verksemda

Konsernet Sunnhordland Kraftlag AS heretter SKL er eit kraftkonsern som driv innan produksjon og overføring av kraft, breiband og distribusjon av naturgass.

SKL sin forretningsidé er å drive produksjon, omsetning og overføring av energi på ein konkurransedyktig, lønsam og serviceinnstilt måte.

SKL sin kraftproduksjon, i regi av SKL Produksjon AS, er i Hordaland fylke. Hovuddelen av kraftproduksjonen er lokalisert til Matre i Kvinnherad kommune, der fleire stasjonar nyttar vassressursane i Blådalsvassdraget. Selskapet eig og driv Eikelandsosen kraftverk i Fusa, to mindre stasjonar på Stord og er medeigar i Sima kraftverk (8,75 %), i Eidfjord. Midlare kraftproduksjon i stas-jonane er 1695 GWh. Selskapet deltek også i kraftproduksjon i Sauda gjennom eigardel på 15 % i AS Saudefaldene.

Småkraftsatsinga skjer hovudsakleg i eigne dotterselskap og tilknytte selskap. Totalt sju små-kraftverk, heil- eller deleigde, er ved utgangen av 2014 i drift. Eit anlegg er under oppføring og fleire under konsesjonshandsaming.

SKL si nettverksemd er lokalisert til Sunnhordland og Nord-Rogaland. Konsernet er gjennom SKL Nett AS eigar/medeigar i linjer og transformatorstasjonar som inngår i sentralnettet (300 kV). Nettverksemda har driftsansvar for anlegga. SKL Nett AS eig og driv regionalnettsanlegga (66 kV) i Sunnhordland og delar av tilsvarande anlegg i Nord-Rogaland. Som del av nettanlegga har SKL Nett AS kabelanlegg for fjordkryssingar, på 300 kV og 66 kV nivå. Nettverksemda eig og driv distribusjonsnettet
i Stord kommune.

SKL Marked AS er ansvarleg for infrastruktur som breiband, distribusjon av naturgass og drift av SKL kundesenter.

Driftssentralen som overvakar og styrer produksjons- og nettanlegga er organisert i SKL Produksjon AS og lokalisert til Stord. Som del av denne har konsernet bygd eigne kommunikasjonsanlegg basert på fibernett og radiolinjer. Som tilknytt aktivitet har SKL teke del i og investert i utbygginga av radiolinje- og fiberoptisk samband, mellom Bergen og Stavanger. SKL er såleis eigar av infrastruktur som vert nytta for sal av tenester til teleoperatørar. Anlegga er ein del av SKL Marked AS.

Sunnhordland Kraftlag AS (Morselskapet) leverer interne tenester knytt til økonomi, personal, HMS, kvalitet, beredskap, administrasjon, strategi og utleige av eigedom.

Vidare drift

Årsrekneskapen er avlagt under føresetnad om vidare drift. Styret stadfestar at føresetnaden er til stades.

Arbeidsmiljø og personal

Ved utgangen av 2014 har SKL 116 tilsette, i tillegg 5 lærlingar, mot 122 tilsette i 2013. Totalt utgjer dei 116 tilsette 114,2 årsverk i 2014 mot 118,6 årsverk i 2013. Morselskapet har 16 tilsette.

SKL har sidan 2002 vore IA- bedrift. Det er etablert ein livsfasetilpassa personalstrategi med heilskapleg fokus på: helse, motivasjon, kompetanse og livsfase. Målsetjinga er, i samarbeid med den einskilde, fagforeiningane, bedriftshelsetenesta og NAV, å redusere sjukefråværet. Vidare å leggje til rette for at tilsette kan arbeide lenger før uttak av pensjon.

I 2014 hadde SKL to skadar hjå tilsette, som medførte fråvær, dette gav H1-verdi lik 9,2. Tilsvarande tal for 2013 var to skadar med fråvære og H1-verdi lik 8,7. Samla sjukefråvære var 2,9 %, mot 3,8 % i 2013.

Morselskapet hadde ingen skadar med fråvær og H1-verdi lik 0 i 2014. Samla sjukefråvære var 3,2 % i 2014, hovudsakeleg langtidsfråvære, mot 1,8 % i 2013.

SKL har tilsett kvalitetsleiar som har ansvar for systematisk HMS-arbeid. SKL har samarbeidsavtale med bedriftshelsetenesta, Haugaland HMS.

Arbeidsmiljøutvalet (AMU) har 5 tilsette- og 5 arbeidsgjevarrepresentantar. I tillegg møter kvalitetsleiar, HR-ansvarleg og ein representant frå Haugaland HMS. AMU gjennomførte 4 møter i 2014.

Faste saker er internkontroll, oppfølging av sjukefråvære, arbeidsrelaterte ulukker, skadar og andre uynskte hendingar. AMU handsamar rapportar frå HMS-tenesta, byggjesaker og AMU-årsrapport.

Likestilling

Av 116 tilsette er 94 menn (93,4 årsverk) og 22 kvinner (20,8 årsverk). Med unntak av administrasjon og kundeservice er SKL si verksemd knytt til område der menn generelt i arbeidslivet er i overvekt.

Styret har 8 medlemmer, fordelt på 5 aksjonærvalde, 1 av utpeika av Hordaland fylkeskommune og 2 tilsetterepresentantar. Styret er samansett av 7 menn og 1 kvinne. SKL har innretta si verksemd slik at ho ikkje er i strid med likestillingslova.

Ytre miljø

SKL sine primæraktivitetar er å nytte vatn til produksjon og overføring av rein energi. Produksjon av vasskraft har miljømessige fordelar framfor anna energiproduksjon. SKL er oppteken av å førebyggje og avgrense miljøkonsekvensar, mellom anna gjennom tiltak i samband med vassdrags- og konsesjonsvilkår. Sjølve produksjonsprosessen påverkar ikkje ytre miljø.

Utbygging og drift av vasskraftanlegg inneber likevel inngrep i naturen. Størst verknad har inngrepa i samband med regulering, magasinering av vatn og linjeføring.

Det vert nytta PCB-fri olje i alle transformatorar og andre oljehaldige komponentar. Det er etablert oljegruver for oppsamling av olje ved ein eventuell lekkasje. 300 kV sjøkabelanlegga over Hardanger- og Bømlafjorden er utstyrte med oljetrykksanlegg, med kontinuerleg overvaking, eventuelle lekkasjar frå desse vil føre til utslepp i sjø.

Ved legging av kablar og naturgassanlegg samarbeider SKL med kommunale etatar og verksemder for å grava felles grøfter. Dette bidreg til å redusere inngrep i naturen. Mykje infrastruktur vert lagt i bakken for å minimera visuell forureining. Konsernet har i 2014 ikkje hatt vesentlege hendingar som har skada ytre miljø.

Om drifta

Kraftproduksjonen i 2014 vart 1976 GWh, 281 GWh eller 16,6 % meir enn det som er rekna som middels produksjon. I 2013 var produksjonen totalt 1760 GWh, det vil sei 65 GWh eller 3,8 % høgare enn det som er rekna som middels produksjon på det tidspunktet. Produksjonen i konsoliderte småkraftselskap utgjorde 30,4 GWh mot 20,6 GWh i 2013.

Magasininnhaldet var ved inngangen til 2014 89 GWh høgare enn ved inngangen til 2013. Magasinstanden ved utgangen av 2014 var 45 GWh lågare enn ved inngangen til året. Gjennom 2014 var tilsiget 201 GWh høgare enn normalt. Total nedbør i Matre var 3312 mm (16,4 % høgare enn normalen) mot 2968 mm i 2013.

Totalt vart dekningsbidrag av kraftproduksjonen i SKL 463,2 mill. kr mot 493,9 mill. kr i 2013 (sal energi fråtrekt kjøp energi). Det har ikkje vore lengre utilsikta nedetid på anlegga, eller gjennomført vedlikehald som har hatt innverknad på produksjonen i 2014. Reinvesteringar og oppgraderingar i anlegga er utført i samsvar med plan.

Kraftprisane i 2014 har vore låge, og betydeleg lågare enn i 2013. Prisen synte jamn nedgang i starten av året, lågaste pris var i juni med 15,6 øre/kWh. Utover hausten steig prisane til årstopp i desember på 27,9 øre/kWh. Gjennomsnittleg systempris var 24,8 øre/kWh mot 29,7 øre/kWh i 2013.

SKL produserer og overfører rein energi

Hovudvolumet av kraft vert seld til løypande spotpris på kraftbørsen, Nordpool. Prisen i vårt område var gjennomsnittleg 22,8 øre/kWh mot 29,0 øre/kWh i 2013. Oppnådd pris på frittomsetteleg kraft vart 24,2 øre/kWh. Inkludert konsesjonskraft og godtgjering til Hordaland fylke vart faktisk oppnådd pris 23,4 øre/kWh.

Nettdrifta har i 2014 i stor grad gått som planlagt. I sentral- / regionalnettet var det 22 driftsforstyrringar, mot 19 førre år. Av desse gav 13 avbrot i forsyninga med eit leveringstap (ILE) på 36,6 MWh, mot 104,4
MWh året før.

I distribusjonsnettet var det 20 driftsforstyrringar, mot 18 i 2013. Desse medførte eit leveringstap (ILE) på 18,8 MWh, mot 37,1 MWh året før. Det var 44 planlagde og varsla avbrot. Desse medførte ILE på 9,2 MWh, mot 4,5 MWh i 2013. Totalt er det resultatført kostnad på 3,6 mill. kr knytt til kompensasjon for ikkje levert energi (KILE), herav er 2,3 mill. kr knytt til regionalnettet og 1,3 mill. kr knytt til distribusjonsnettet.

Satsinga innan breiband og naturgass, i regi av SKL Marked AS, har etter år med utbygging av infrastruktur gradvis gått over i driftsfase. Selskapet har frå starten nytta eksterne leverandørar til drift av infrastruktur og kundeservice. Organisasjonen er saman med eksterne leverandørar rusta for å handtere toppar i produksjon og eventuelle feilsituasjonar.

Stord kommune er i vekst. Nye byggjefelt og industri genererer nye utbyggingsprosjekt på fiber. SKL Marked AS og Haugaland Kraft samarbeider om leveranse av Altibox produkt. Produktet er teknisk sikkert og framtidsretta.

Det er ikkje investert i ny gassinfrastruktur siste året. Røyrnettet er etablert på sentrale stader i kommunen noko som gjer det enkelt å kople opp nye kundar. Levert volum i 2014 vart lågare enn toppåret 2013, noko som skuldast temperaturar over normalen i 2014.

Samla for selskapa som er konsolidert i konsernrekneskapen, inkludert minoritetar sin del, er det netto investert i varige driftsmidlar for 111,9 mill. kr i 2014, mot 144,5 mill. kr i 2013.

Det er investert totalt 42,9 mill. kr i 2014 i SKL Produksjon AS. Den største investeringa er knytt til fullføring av eit overføringsprosjekt, som vart sett i drift i 2013. I tillegg til investering i dei konsoliderte produksjonsselskapa investerte selskapet i småkraft, gjennom tilknytteselskap. Netto investering og utlån er auka med 31,7 mill. kr i 2014. Dette er knytt til yting av lån til og oppkjøp av tilknytt småkraftverk.

I nettverksemda har vesentlege investeringar på sentral- og regionalnett vore sluttføring av arbeidet med kabelanlegg mellom Midtfjellet og Årskog. I tillegg er transformator T1 Midtfjellet sett i drift. Totalt 20,7 mill. kr er sett i drift på prosjektet i 2014. I tillegg er Stord transformatorstasjon under oppgradering. Ny del av anlegget er delvis sett i drift ved utgangen av 2014.

Vidare er det utført korrosjonssikring og utskifting av overvakingsanlegg på 66 kV sjøkabelanlegg. I distribusjonsnettet er det investert om lag 15 mill. kr i 2014. Det er utført betydeleg arbeid med flytting av mastetransformatrorar til nettstasjonar på bakken. Prestegardslio bustadfelt har generert mykje arbeid og investeringar.

Samla investeringar i SKL Nett AS var i 2014 på 55,6 mill. kr mot om lag 69,5 mill. kr i 2013.

SKL Marked AS sine investeringar er i all hovudsak knytt til utvikling av breiband, medan det i mindre grad har vore investeringar i andre forretningsområde. SKL Marked AS investerte for 14,5 mill. kr i 2014, mot 13,5 mill. kr i 2013.

Morselskapet har mindre investeringar innanfor IKT-utstyr og kommunikasjonsmateriell. Totalt er det investert 1,2 mill. kr i 2014, mot 5,2 mill.kr i 2013.

Årsresultat 2014

Rekneskapen for 2014 syner omsetning på 845,1 mill. kr for konsernet og 40,8 mill. kr for Morselskapet. Resultat før skatt er 269,2 mill. kr for konsernet, tilsvarande tal for Morselskapet er 129,7 mill. kr. Overskot etter skatt er 123,6 mill. kr for konsernet og 126,6 mill. kr for Morselskapet. Samanliknande overskot etter skatt var kr 185,4 mill. kr for konsernet og 158,1 mill. kr for Morselskapet i 2013. Bokført skattekostnad i konsernet utgjer 145,7 mill. kr, medan bokført skattekostnad for Morselskapet utgjer 3,1 mill. kr.

Samla konsernresultat er noko svekka i forhold til 2013, og endringa skriv seg særleg frå følgjande høve:

  • Større produksjon, men lågare kraftpris, reduserte dekningsbidrag for produksjon med til saman 30,8 mill. kr (inkludert resultat frå småkraftsatsinga).
  • Lågare inntektsramme i 2014 enn 2013 gav ein reduksjon på dekningsbidraget frå nettverksemda med 50,9 mill. kr (over-føringsinntekt fråtrekt overføringskostnad og kjøp av energi). Det er fleire årsaker til dette, mellom anna: endring i NVE si referanserente frå 6,9 % til 6,6 %, mindre tillegg for auke i kapital, lågt kostnads-grunnlag frå 2012 samt negativ korrigering av
    bransjeavkastning i 2013.
  • SKL Marked AS leverer i all hovudsak etter budsjett, men fjorårstala er prega av fisjons-gevinst på ca. 22 mill. kr.
  • Lønnskostnadar er redusert med 18,5 mill. kr. Dette skuldast færre tilsette, men hov-udsakleg planendring knytt til levealder-justering i pensjonsordninga, med positiv resultateffekt på 13,5 mill. kr.
  • Andre driftskostnadar auka med 7,8 mill. kr, der mykje av veksten er knytt til kostnads-ført periodisk vedlikehald i produksjons-verksemda, samt prosjektutvikling.
  • Av- og nedskrivingar er redusert med 2,8 mill. kr. Nedgangen skuldast tillegg-savskriving og endra avskrivingstid på SKL Nett AS sitt distribusjonsnett i 2013.
  • Netto finanskostnad er redusert med 1,2 mill. kr. Dette skuldast i stor grad lågare innlånsrente, motverka av lågare renteinn-tekter etter konvertering av lån til aksje-kapital i AS Saudefaldene.

Totalt er resultat før skatt 112,6 mill. kr lågare enn tilsvarande tal førre år. Etter skatt er nedgangen 61,8 mill. kr.

Morselskapet har eit positivt resultat på 9,4 mill. kr, korrigert for inntekt frå dotterselskapa, mot negativt med 5,9 mill. kr i 2013. Endringa skuldast prosesskostnader i samband med strategisk oppkjøp i 2013.

For nettverksemda er ordinær inntektsramme inntektsført og resultatet av kvalitetsjustert inntektsramme (KILE) er teke inn i rekneskapen for 2014. Ved utgangen av 2014 er det bokført ei meirinntekt på netto 20,2 mill. kr i balansen.

Avkastinga på NVE-kapitalen er på 2,6 % i 2014, mot 10,3 % i 2013. NVE referanserenta var på 6,6 % for 2014 og 6,9 % for 2013.

Balanse og likviditet

SKL sine bokførte anleggsverdiar er i samsvar med historisk kostpris fråtrekt av- og nedskrivingar.

For SKL var likviditetsgrad 1 pr 31.12.2014 lik 0,34. Arbeidskapitalen er negativ og utgjorde -253,3 mill. kr (inklusive bank). Den negative arbeidskapitalen skuldast i stor grad betalbar skatt og avsetning til utbyte i 2015. Likviditetssituasjonen er god og i samsvar med planlagde handlingar frå konsernet. Tala må sjåast i samanheng med trekkrettar og kassakreditt på til saman 1 490 mill. kr.

Samla gjeld knytt til obligasjonar, trekkrettar og sertifikat er 1 300 mill. kr pr. 31.12.14, slik at faktisk likviditetstilgang gir ein reell likviditetsgrad større
enn 0,34.

Konsernet sin soliditet er god. Etter avsett utbyte til eigarar er eigenkapitaldelen ved utgangen av året 40,9 %. Marknadsverdien i konsernet sine produksjonsanlegg er langt høgare enn bokførte verdiar. Eigenkapitalen er forsvarleg ut frå risiko ved, og omfanget av verksemda i konsernet.

Kontantstraum

SKL hadde kontantstraum frå drifta på 205,4 mill. kr etter endringar i fordringar, kortsiktig gjeld og driftsrelaterte tidsavgrensingar. Likviditetsbehaldninga er 22,3 mill. kr lågare ved årsskiftet
samanlikna med 2013.

Dette skjer etter netto investeringar i varige drifts- og andre anleggsmiddel på 143,5 mill. kr, ei auke i lånegjelda på 51,6 mill. kr og utbetaling til eigarane på 139 mill. kr. Minoriteten sin del av kapitalauke i deleigde selskap i konsernet utgjorde 3,2 mill. kr.

Avlagt rekneskap gir eit reelt bilete av verksemda og finansiell situasjon for 2014. Det er ingen hendingar etter årsskiftet som har vesentleg innverknad for årsrekneskapen 2014.

Framtidig utvikling

Framtidig inntening og finansiell stilling vert vurdert som god på kort og lengre sikt. SKL sine langtidsplanar tilseier at ein går inn i ein periode med forventningar om låge kraftprisar, noko som vil påverke den økonomiske utviklinga. I tillegg til kraftpris er utviklinga i produksjonsvolum det som i størst grad
påverkar resultata.

Pris for el-sertifikat har mykje å seie for lønnsemd i pågåande og planlagde investeringar i auka kraftproduksjon.

SKL Nett AS er gjenstand for årleg berekning av inntektsramme. I inntektsrammeberekninga vert det nytta ei effektivitetsmåling, som er ei samanlikning med andre nettselskap. Inntektsramma byggjer på eigne kostnader og kostnadsnorm for bransjen. Dette medfører uvisse om framtidige inntekter og gjer SKL avhengige av ikkje berre eiga utvikling, men òg korleis bransjen utviklar seg.

SKL Nett AS står komande år ovanfor store investeringar på alle nettnivå. Investeringane er naudsynte for å sikre overføringskapasitet i regionen og oppretthalde leveringstryggleiken.

Rammevilkåra for nettverksemda er i endring. SKL Nett AS vert råka av endringane, mellom anna ved at eigarskapet til sentralnettet må avviklast. Endringane kan og gi moglegheiter, konsernet vil posisjonere seg for å ivareta verdiane i nettverksemda på best
mogleg måte.

SKL arbeider med konkrete prosjekt for realisering av småkraft- og storkraftverk. SKL Produksjon AS sende hausten 2014 konsesjonssøknad på nytt Blåfalli Fjellhaugen kraftverk. Dette vil ha installert effekt på ca. 150 MW og gje årleg netto produksjonsauke på ca. 70 GWh.

I 2014 kjøpte SKL Produksjon AS 50 % av Nydalselva Kraftverk AS. Sognekraft AS eig resterande 50 %. Nydalselva kraftverk har årleg middelproduksjon på 19,5 GWh. Gjønelva Kraftverk er under bygging, det er forventa at kraftverket vert sett i drift mot
slutten av 2015.

SKL Produksjon AS har i 2014 avvikla sitt engasjement i Vestavind Kraft AS, og gjennom dette avslutta si satsing på vindkraft.

Konsernet har god soliditet, og drifta genererer stor positiv kontantstraum som sikrar likviditetssituasjonen. SKL er open for samarbeid med andre aktørar, med sikte på å vidareutvikle konsernet og sikre framleis gode resultat.

Finansiell risiko

Konsernet har bevisst haldning til handtering av finansiell risiko. Verksemda er kapitalintensiv, med nye investeringar og behov for låneopptak, samstundes som eksisterande lån skal refinansierast. Likviditetsrisiko må difor handterast. SKL har kraftanlegg med evigvarande produksjon og sal av kraft. Handteringa av marknadsrisikoen er difor viktig.

SKL står blant anna ovanfor følgjande marknadsrisiko:

  • Prisrisiko knytt til dagens og framtidig sal av eigenprodusert kraft, herunder pris på el-sertifikat
  • Valutarisiko for sal av kraft
  • Renterisiko knytt til låneportefølgje og inn tektsramme for nettverksemda

Kraftmarknaden er kortsiktig, med lite likviditet i produkt utover 3 års løpetid. SKL vil difor for middelproduksjonen på 1695 GWh vere eksponert for endringar i kraftpris og verdi av euro mot
norske kroner.

Med kraftproduksjon basert på vasskraft vil tilgang på vatn og produksjonsevne variere frå år til år. For SKL, som har Folgefonna i sitt nedslagsfelt, vil breen representere ein utjamnande effekt i dei årlege variasjonane. Volumrisikoen vert difor vurdert som noko mindre for SKL enn for bransjen generelt.

SKL har slik handtering av marknadsrisikoen for kraftproduksjon:

  • SKL er innforstått med at resultata vil variere med prissvingingane i kraftmarknaden, og prisrisikoen vert i liten grad sikragjennom finansielle kontraktar. SKL sinhandelsstrategi gir i ei viss utstrekninghøve for aktiv sikring.
  • Konsernet sikrar ikkje valuta, og er innforstått med at inntekta frå kraftomsetningvil variere med nivå på euroen. Innkomeneuro vert veksla fortløpande til NOK.

Renterisikoen for SKL er avgrensa. Delar av konsernet sine inntekter for nettverksemda (kapitalrefusjon) er avhengig av rentenivået. Denne eksponeringa mot rentesvingingar går motsett veg av konsernet si eksponering mot rentesvingingar på gjeldssida. Delar av låneporteføljen vert sikra gjennom rentebyteavtalar.

Kredittrisikoen for SKL vert vurdert som avgrensa, ettersom SKL sine inntekter frå produksjonen vert omsett på børs (NordPool) og inntekter frå nettverksemda vert i det vesentlege fakturert mot lokale energiverk. Likviditetsrisikoen vert vurdert som liten. Konsernet har god kontantstraum frå drifta.

Resultatdisponering

SKL og Morselskapet si målsetjing er langsiktig verdiskaping. Morselskapet sikrar dotterselskapa naudsynt soliditet og tilgang på likviditet.

Overskotslikviditet og årleg avkastning vert overført til Morselskapet i form av konsernbidrag og nedbetaling av langsiktig gjeld. I den grad dotterselskapa har trong for å auka eigenkapitalen skjer dette gjennom innskot av kapital eller at selskapa held tilbake resultat. I år er det tilført 117,8 mill. kr frå dotterselskapa (utan skatteverknad), som gjev Morselskapet eit årsresultat på 126,6 mill. kr. Konsernet har eit resultat
på 123,6 mill. kr.

SKL skal ha god handlefridom og ein kapital som står i høve til risiko og omfang av verksemda. Innanfor desse måla skal Morselskapet gje ein kapitaltilførsel til eigarane som er tilfredsstillande. Konsernet sine mål og strategiar, konkretisert gjennom utarbeiding av langtidsbudsjett, syner at konsernet har eit omfattande investeringsprogram og kjem til å trenge bidrag
frå eigarane.

Det er lagt opp til at kapitalutbetalinga til eigarane for 2014 rekneskapen vert omlag 75% av konsernresultatet. Dette gir eit samla utbyte på 92,5 mill. kr. Storleiken på kapitaltilførsel til eigarane er tilpassa konsernet si finansiering av framtidige investeingar, og skal sikre framleis god soliditet. Ut frå kontantstraumen og kapitalstruktur i konsernet, er det styret si meining at forslaget til resultatdisponering er i samsvar med dei skisserte måla for konsernet:

Styret sitt forslag til disponering av overskotet for Sunnhordland Kraftlag AS for 2014:

  • Avsett til utbytte
  • Avsett til annan eigenkapital
  • Sum disponering
  • kr 92 500 000
  • kr 34 068 000
  • kr 126 568 000

Stord, den 02. mars 2015

  • Magne Heimvik - Konsernsjef
  • Magne Heimvik
  • Konsernsjef
  • Olav Linga - Styremedlem
  • Olav Linga
  • Styremedlem
  • Sigbjørn Framnes - Styremedlem
  • Sigbjørn Framnes
  • Styremedlem
  • Didrik Ferkingstad - Styreleiar
  • Didrik Ferkingstad
  • Styreleiar
  • Torleiv Fylkesnes - Styremedlem
  • Torleiv Fylkesnes
  • Styremedlem
  • Lars Saue - Styremedlem tilsette
  • Lars Saue
  • Styremedlem tilsette
  • Atle Neteland - Nestleiar
  • Atle Neteland
  • Nestleiar
  • Sverre Olav Handeland - Styremedlem
  • Sverre Olav Handeland
  • Styremedlem
  • Marit S. Stockmann - Styremedlem tilsette
  • Marit S. Stockmann
  • Styremedlem tilsette

Selskapsstruktur og organisasjon

Aksjonærforhold

SKL er eit regionalt eigd selskap. Etter kapitalutvidinga mot Haugalandet i 1951 var aksjonærforholda uendra i 45 år, fram til utgangen av 1996. Då kom BKK inn på eigarsida etter kjøp av aksjepostar.

Eigarvilkår

Det er ikkje forkjøpsrett til aksjane, men overdraging krev styret sitt samtykke.

Styret

Styret har 8 medlemmer. 5 blir valde av generalforsamlinga, Hordaland fylkeskommune oppnemnar 1 og dei tilsette vel 2.

Administrativ organisering

Fokus på resultatkrav og tilrettelegging for ei meir team- og prosjektrelatert arbeidsform innan alle område har vore sentrale føringar for SKL si overordna organisering. Dei siste åra har selskapet fått tilført mykje god kompetanse, samtidig som det ligg utfordringar i å auka talet på tilsette i slikt omfang som det er gjort dei siste åra. Det set store krav til leiarkompetanse, organisasjons- og personalutvikling, gjennomføringsevne og tilrettelegging for eit godt arbeidsmiljø.

Aksjonær Aksjetal Prosent av aksjane
Haugaland Kraft AS 1340 40,5
BKK AS 1106 33,4
Finnås Kraftlag SA 332 10,0
Tysnes Kraftlag SA 165 5,0
Fitjar Kraftlag SA 111 3,4
Fjelberg Kraftlag SA 98 3,0
Skånevik Ølen Kraftlag SA 85 2,6
Stord kommune 70 2,1
Sum 3307 100

Å byggja eit samfunn

Me i SKL er aktive deltakarar i det levande samfunnet me er ein del av. Ved å gje av vårt overskot er me med på å stimulera og oppretthalda sunn aktivitet og sikra gode opplevingar for innbyggjarane. Gode skular, eit rikt kulturliv og god tilrettelegging av aktivitetar er med på å definera det gode samfunnet.

Evigvarande

Ut mot sjøen på austsida av Stord, ligg Børtveit kraftverk. I dag som eit SKL-eigd kraftverk. Børtveit kraftverk vart bygd i 1921 av Stordø Kisgruber AS for å skaffa energi til gruvedrifta der. Det første aggregatet som var i bruk på Børtveit, var ein turbin frå J. M. Voith og ein Siemens generator. Dette utstyret står no i Gruvemuseet på Litlabø.

Børtveit Kraftverk produserer framleis straum. Gruveanlegget på Litlabø har fått nytt liv – noko her er evigvarande!

Å fortelja om det som ein gong var, er viktig for å forstå det som er no. Å overlevera historia og la forteljingane om kor saker og ting kjem frå, er ei oppgåve me tek på alvor.

Ingen er historielause, og det er i den konteksten me best kan forstå kven me er i dag og kvifor. Gruvemuseet på Litlabø er eit av mange prosjekt SKL støttar opp om og er med på å finansiera. Slik får viktige verdiar spele-rom, menneske får blomstra og samfunnet blir litt rikare.

Ein god gjeng med gamlekarar har lenge arbeidd for å verne om og formidla historia om kulturarven i gruveanlegget på Litlabø. Dei gjer det for fellesskapet, litt slik SKL løyser sine oppgåver for fellesskapet.

I SKL er me opptekne av å ta vare på natur, menneske og historie. Samstundes har me eit fast blikk inn i framtida. Me skal skapa verdiar og levera eit reint og levedyktig produkt no og for framtida.

Om SKL

SKL er eit regionalt energikonsern. I vasskraftanlegga våre produserer me rein og fornybar straum nok til meir enn 100.000 husstandar. SKL eig og driv store delar av det overliggjande straumnettet i regionen mellom Bergen og Stavanger. I Stord kommune eig SKL distribusjonsnettet for straum, fiberbasert breiband og naturgass.

Kontakt
Postboks 24,
5401 Stord

Telefon: 53 49 60 00
post@skl.as www.skl.as

Konsept og programmering: Oktan Stavanger

 

Styret si årsmelding

Fra venstre: Magne Heimvik (Konsernsjef), Sverre Olav Handeland (Styremedlem), Torleiv Fylkesnes (Styremedlem), Lars Saue (Styremedlem tilsette), Sigbjørn Framnes (Styremedlem), Didrik Ferkingstad (Nestleiar), Marit S. Stockmann (Styremedlem tilsette), Olav Linga (Styremedlem), Atle Neteland (Styreleiar).